Tredje Sonett

Frå flyet ber bussen Trondheim meg åt,
svingar rundt berg og nes til byen eg kom.
Eg møter ein annan i same båt,
som til bys er kome, men ikkje fram.
Fosen er enno ei halvøy langt ut
over ein fjord og løynd bak åskam.
I kveld kjem me ikkje ut dit,
og tek berre stasjonen som naudhamn.

Det kjem ein mann uvanleg frekt
og yppar til kamp mellom meg og seg.
Kampen då unngått fortar me oss ut
og forsøker å få sove, men kroppen er lei,
for svevn kjem ikkje, berre illusjonar
og mine åt han mannen svevar.