Femtande Sonett

I ein by ukjend på Vestlandet breie
har eg kome og funne ein bustad klein,
ein kjellar! ja, men andre er så dyre,
kan ikkje klaga med hovud dekt for regn.
Grått kan plassen vera, særleg om hausten,
då eg kom var solkverven snøgt bak meg
og nettene vart lengre, så kom frosten;
men verre vart det utan snø på egn.

Livet er, som sagt, ikkje ein og annan
eller kvitt og svart. Ingen ting er slik.
Koder, bibelen og lover verker sånn,
men pirkar du overflata synar dei svik.
Livet er grått, og vondt kan det verka;
faktisk er alle fargane der som toner frå lerka.