Fjerde Sonett

Turen langs landet teg til i dag
og kursen ber sørover mot høge fjell,
fyrst innom byen, kofferten og eg i lag
kjem fram i Oslo rett før morgonsmell.
Kofferten er eit tungt teiken på flyttingas ferd
og i natta søv eg tungt, så kjem uhell.
Eg låser bak stendge dør mitt lass, mi verd,
utan det kjem eg ingen stad i kveld.

Panikken tok tak i mi dagleg åtferd:
eg ruska i nykkelen, slapp ikkje tak.
Trygda i låsen er toegga sverd
for før han gjekk opp låg livet i vrak.
Ei krise på reisa syner gråsonas art,
for utan ho er livet berre kvitt og svart.