Attande Sonett

Sandkorna legg seg i alle sprekkar,
kvart og eit ei verd i seg, eit minne
om ein plass, ei kjensle. Fleire skrapar
og klør, men ikkje kan eg finne
kor dei har lagt seg, kvifor dei er der.
Utanpå merkar eg dei som ligg langt inne,
minna om fortida sandkorna utgjer
og skrapar vonene for framtida tynne.

Albatrossen veks kring halsen og tyngjer
mi reise. Bylgjene slår båten på drev
før me, i naud, finn hamn i sjøen her.
Disa takkast for soga ho gjev.
Uoppsøkte hamner er ulevde liv
men på bryggen står vona om land på ny.