Usikker grunn er svaberg og fjell.
Sjølv om Noreg står alderdommeleg stø,
ventar eg eit brev, eit mail, som varslar mitt fall.
Høgder har eg stige, men tråkkar ustø:
Svevande svermar av dokument og papir
bles opp under meg medan fjellet blør.
Ned går alt; pass, stempel, utskrift det sklir
og når det ligg i ro sit eg og spør,
"Kan det vera slik at eg meg sjølv svir
når så store sjansar eg tek her
og vel å klatra oppå eit berg av papir?"
Kvar synd og skade Utlendingsdirektoratet ser
og dømer levande og døde i heile riket
for Dei lar oss leve dette livet.