Sekstande Sonett

Eg fer mot mi eiga framtid vid,
og ikkje veit eg kva eg finn,
og vonene myrknar i monotont liv,
jo lengre vert tunellen jo lengre inn.
Vid og trongt, svart og kvitt, har eg gløymd
at gråsona finst kring og i mitt sinn?
Framtida er mangt, og vegen kan vera gøymd.
Val eg tek i dag kan gjera at eg finn

meir keisemd. Ein veg like lang i røynda
men lett å trø, då kjenner eg kvart steg.
Kjennsler er vel fargane som ligg løynde?
Dei gjer tyngare å trå krattfulle veg
om dei er mørke og tunge; medan
veg eg delar med mine, lettare er han.