Tolvte Sonett

Løynleg ligg framtida mi bak fjell
av papir, raud teip og byråkratar.
Ferda er lang mellom fjord og dal;
skriv ut, fyll inn, møtt opp så det knakkar.
Lag på lag med skjema og fingeravtrykk
kjem eg nærare det liv eg voner?
Kvart brev og dokument fremjar meg eit rykk
men lenge uvisst om alt dette monner.

Jobben eg kjem til er jo opprykk
frå studentlivet, usikker og skrinn.
Det er godt å vita at pengeskrinnet kan bli tungt
men alt dette avhenger av om dei slepp meg inn.
Tildekt av angst, venting og frykt,
Utlendingsdirektoratet biar på sitt.