Fyrste sonett

Store diser, i visdom rike,
kom til meg i diktaranes stil,
jamt over himmelen i stålboks flyge
er ikkje mykje i dagens profil.
Reell ei utfordring å pakka inn livet for
fem hundre ein og seksti norske mil
langt frå heim eg no fer
og står i passkøens lange fil.

Sterkaste teikn er bagasjen eg ber,
eit heilt års liv på ryggen.
Amerika-kofferten brorparten utgjer
tettpakka med heimkjensle og angst uviten.
Eg kjem framfor luka, rett foran grensa
og ventar på at passet blir stempla.