Ein portal har ført deg hit. Ein stad som ikkje eksisterar. Eller jo, denne staden eksisterer, men han tek ikkje plass. Jo, han tek plass, men ufatteleg lite. Denne staden eksisterer ikkje i di røynd; vår røynd. Men han tek plass. Slik som ein kan halda eit stykke papir rett framfor deg, og du nesten ikkje kan sjå det, fordi det heng med kanten mot deg. Snur haldaren papirstykket nitti gradar kan du sjå at på det står
I N T E R N E T T
Titt inn
gjennom ein
magisk rektangel
Ein rektangel
du ikkje gløymer att
heime
Titt inn
i myrkeret
som ljoser
Kattar dansar
tenåringar syng
Alex Jones bablar
Og du tittar
Runer rita
på spydodden kvass,
Våpenets namn,
RaunijaR, er gravert
Så lagt ned på Toten
to tusen år før oss.
Bokstavane vart omsatte
til dei me har lært,
Romerske teikn,
slik eg skriv dei no.
Eit nytt språk kjem fram,
pikslar og tomrom
Mobiltelefonen las
slik teikna sto
Så fauk einare og nullare
og gjennom kom du.

